Latest Articles


19.12.2014
Ralf Bendrath

Trading away privacy

TTIP, TiSA and European data protection

The US is exerting heavy pressure on the EU to waive legislation placing restrictions on data-sharing with third countries. To abandon localized data protection arrangements in the EU would be to surrender fundamental rights to economic interest, lawyer Ralf Bendrath explains. [ more ]

19.12.2014
Elmar Altvater

Controlling the future

10.12.2014
Enda O'Doherty

The last chapter

10.12.2014
Kaya Genç

In search of the 'New Turkey'

10.12.2014
Sebastian Conrad

The place of global history

New Issues


09.12.2014

Osteuropa | 8/2014

Das Volk und sein Ich. Autoritäre Herrschaft und Legitimität
09.12.2014

Merkur | 12/2014

Eurozine Review


10.12.2014
Eurozine Review

The way we let the young into the world

"openDemocracy" outlines how to end violence against women; "La Revue nouvelle" says Europe has let down its young big time; in "New Humanist", British author Philip Pullman slams cuts to arts education; "Dublin Review of Books" reviews the history of the book in 100 books; in "Merkur", Sebastian Conrad sees Eurocentrism replaced by the centrisms of the South; "Osteuropa" enters a brave new world of legitimate, authoritarian regimes; "Syn og Segn" struggles to comprehend the grave state of Russian art and politics; "Revista Crítica" revisits East Timor's failed postcolonial democracy; and "Kritika & Kontext" reveals how Solzhenitsyn made it in the West.

19.11.2014
Eurozine Review

Another music! Or no music at all!

29.10.2014
Eurozine Review

A centre receding

15.10.2014
Eurozine Review

This revolutionary moment

17.09.2014
Eurozine Review

Independence in an age of interdependence



http://www.eurozine.com/articles/2011-05-02-newsitem-en.html
http://mitpress.mit.edu/0262025248
http://www.eurozine.com/about/who-we-are/contact.html
http://www.eurozine.com/articles/2009-12-02-newsitem-en.html

My Eurozine


If you want to be kept up to date, you can subscribe to Eurozine's rss-newsfeed or our Newsletter.

Articles
Share |


Fanga i nettet

Mykje tyder på at internettradikalisering låg bak Anders Behring Breivik sin terrorisme. Sjølv om det meste av forsking på området set søkelys på jihadismen, er det nyttige lærdomar å henta om korleis internettradikaliseringa kan nedkjempast.

Den beste måten å organisera seg på er utan ein organisasjon ... ein ideologisk front som overlever alle tryggleiksstrategiar – Omar Ashour, jihadistideolog.[1]


21. september 2010 kunne ein på Interpol sine nettsider lesa ei pressemelding[2] der organisasjonen åtvarar mot ekstremistiske nettstader. Dei peiker på at dette er eit globalt trugsmål, og at stadig fleire terroristgrupper nyttar nettet for å radikalisera unge.

Ekstremistane er framfor alt på utkikk etter sårbare unge menneske frå middelklassen som vanlegvis ikkje har dukka opp på politiradaren, sa generalsekretæren deira, Ronald K. Noble. Han heldt fram: – Trugsmålet er globalt, det er virtuelt, og det står på dørstokken vår. Det krev ein global politiinnsats å motarbeida dette.

Noble peikte vidare på at Internett har gjort radikaliseringsprosessen enklare og kampen mot terror vanskelegare. Noko av grunnen, hevda han, er at mykje av det som går føre seg, i og for seg ikkje er kriminelt.

"Lock and load"

Terror in Norway



More articles on the terror attacks in Norway and their aftermath.

Jens Stoltenberg
But the foundations stand firm
Kenan Malik
The last Crusade
Øyvind Strømmen
Caught in the web
Ola Larsmo
The words that kill
Jonas Bals
The Rose Revolution
Cathrine Sandnes
Flower power
Kenan Malik
The tragic ironies of Breivik's terror
Knut Olav Åmås
More debate, not less
Remi Nilsen
The literal metaphors of a terrorist
Prableen Kaur
Hell on Utøya
Med det søkelyset som har vore på faren for islamistisk – eller, for å vera presis, salafijihadistisk – terrorisme dei siste åra, kunne ein kanskje venta at dette utspelet frå Noble fekk litt mediemerksemd, også her til lands. Søk i papiravisdatabasen Atekst og på nettet viser at merksemda slett ikkje var så stor. Ei kort melding gjekk ut frå NTB. Denne nemner al-Qa'ida spesifikt, sjølv om pressemeldinga frå Interpol ikkje gjer det. Nokre veker seinare vert det same referert i Dagsavisen, i ein omsett kommentarartikkel med følgjande ingress: "Vi lever i misnøyens tidsalder. Misnøye med islam."[3]

Elles var den fleirkulturelle avisa Utrop ei av få aviser som skreiv om åtvaringa frå Noble.[4] Det plukka også ein deltakar på debattsidene til Hegnar Online opp. Han roste Utrop for artikkelen deira, og meinte at "nedbyggingen av politiet" gjer det enkelt for nettradikaliserte. Til Hegnar Online sitt nettforum å vera var innlegget uvanleg sakleg.

Men ikkje alle innlegga som kom etter diskusjonsinnlegget om Noble si åtvaring, var like saklege. I eitt av dei heiter det: "Man kan lure på om de [radikale] ikke styrer hele vesten. Vesten lar seg holde som gissel av islam. Vesten er så redd for å ikke virke inkluderende og tolerant at de slipper den mest intolerante og mest ekskluderende ideologien løs på sine samfunn." Ein annan skriv rett og slett: "Lock and load. Klar som et egg, eg."[5]

Einsidig fokus på jihadismen

Internettradikalisering er eitt fenomen som det har vorte forska ein god del på dei siste åra, men det har nesten utelukkande vore interesse for islamistisk terror. Fenomenet kan samanfattast slik: Unge gutar og menn med muslimsk bakgrunn har via nettet fått servert propaganda, filmar frå krigssoner, eksempel på grufulle resultat av krigane i Afghanistan, Irak og Tsjetsjenia og dessutan ekstreme fortolkingar av islam. Dei har, så å seia, vorte fanga i nettet, og nokre av dei har tydd til eller i det minste planlagt terrorisme. BBC-dokumentaren "Generation Jihad", som også har vore vist på NRK, gjev eit interessant og skremmande innblikk i fenomenet.

Som forskarane Tim Stevens og Peter Neumann skriv, og det illustrerande nok i ein rapport som set søkelys på islamistisk nettradikalisering, er islamistiske grupper likevel knappast åleine om å ta i bruk nettet i den politiske ekstremismen si teneste:[6]

"Sjølv om al-Qa'ida-inspirerte militante grupperingar utgjorde det alvorlegaste trugsmålet mot Storbritannia i skrivande stund, er ikkje islamittiske militante den einaste – eller jamvel den dominerande – gruppa av politiske ekstremistar som er opptekne av radikalisering og rekruttering via Internett. Kor mange som besøkjer sidene, er det svært vanskeleg å bevisa, men nokre av dei mest populære islamittiske nettsidene (som for eksempel Al Ekhlaas, Al Hesbah eller Al Boraq) blir lett slått i popularitet av kvite rasistiske nettsider som Stormfront."

Slåande nok er Stormfront, eit internasjonalt nettforum for "kvit nasjonalisme" og i stor grad prega av nynazistar, ein av nettstadene terroristen Anders Behring Breivik las og som han også la igjen kommentarar på[7]. I ein av dei – eit introduksjonsinnlegg – skriv han om si von om at "dei ymse fraksjonerte høgreorienterte rørslene i Europa og USA kan nå ein konsensus rundt 'islamiseringa av Europa/USA' og stå saman i denne saka". Han held fram: "Me ynskjer alle det beste for folka våre, og me skuldar dei å skapa ein mest mogleg slagkraftig allianse som har styrke til å kasta regjeringane som stør multikulturalismen."[8]

I dette innlegget introduserer han seg som svensk. Ein av dei andre deltakarane på forumet svarer: "Velkomen, ven! Det er godt å sjå ein støttespelar frå Sverige. Etter kva eg har lese i Fjordman sine arbeid, er tidene verkeleg harde i den delen av verda for tida."[9]

Fjordman er ein norsk bloggar som har fått ein del merksemd etter terroråtaka 22. juli. Me skal venda attende til han nedanfor, men lat oss fyrst dvela ved akkurat desse to kommentarane. Dei viser nemleg at vegen ikkje treng vera særleg lang frå den "gamle" høgreekstremismen, nynazismen, til den nye, som kombinerer muslimhat og konspirasjonsteoriar.

Fjordman sitt verdsbilete

Utøya/Oslo-terroristen er ikkje nynazist, og seier sjølv at han foraktar nazismen – ikkje ulikt mange andre i det nettmiljøet han henta inspirasjonen sin frå. Han vart ifølgje seg sjølv også kasta ut frå Stormfront. Men nettradikalisering er sjølvsagt ikkje noko som berre påverkar muslimsk minoritetsungdom i vestlege land. På nettet florerer det av høgreekstreme nettsider som både i form og tone har parallellar til jihadistane sine, nokre av dei er meir eller mindre nynazistiske, som Stormfront eller nordisk.nu (der Breivik også var aktiv). Andre tilhøyrer det såkalla "kontrajihadistiske" miljøet, som var miljøet som inspirerte Anders Behring Breivik direkte.

Der får ein servert propaganda, alt frå løgnaktig statistikk til reelle nyheitssaker om grufulle ting gjorde av muslimar – eller av menneske med muslimsk bakgrunn (om vedkomande nokon gong har sett ein fot i ein moské, er ikkje særleg viktig) – i ulike delar av verda. Ein kan lesa om reelle problem som tvangsekteskap, kjønnslemlesting, kvinneundertrykking, eller ein kan få servert innbilte problem baserte på konspirasjonstenking. Her står førestellinga om ei vilja og planlagd "islamisering" av Europa sentralt. Ifølgje denne konspirasjonsteorien speler arabiske land på lag med vestlege myndigheiter, med journalistar, akademikarar, bankvesen og jamvel Vatikanet om denne islamiseringa. Ein finn propagandafilmar på YouTube. Ein kan ta del i nettdebattar med andre, debattar der alle er like overtydde om samanstøyten mellom sivilisasjonane, om islams endelause og eintydige vondskap, om at "moderate muslimar" berre er løgnarar.

Ein av dei sentrale bloggarane i den "kontrajihadistiske" bloggosfæren er nordmannen Peder Nøstvold Jensen, som har blogga under namnet Fjordman, blant anna på nettstaden Gates of Vienna, ein amerikansk blogg som fungerer som eit slags samlingspunkt i dette universet. Det er Fjordman som av Oslo/Utøya-terroristen vert omtalt som ei sentral inspirasjonskjelde. 39 av Fjordman sine essay frå blant anna Gates of Vienna er også inkluderte i terroristen sitt såkalla manifest, eit klipp-og-lim-dokument på 1500 sider. Fjordmans verdsbilete kan kanskje best illustrerast med ein kommentar han la inn på nettstaden document.no – til alt overmål som svar på ein kommentar frå terroristen sjølv:

Min spådom er at EU befinner seg i indre oppløsning innen 20 år og at det er full borgerkrig i minst ett vesteuropeisk land før det. Før eller siden vil vanlige folk oppdage at EU og europeiske ledere bak den innfødte befolkningens rygg allerede har vedtatt at det skal være fritt frem for fortsatt muslimsk kolonisering av vårt kontinent. Dette er verdenshistoriens største svik og det er ufattelig at vårt såkalt maktkritiske pressekorps, inkludert landets største avis VG, ikke skriver ett eneste ord om det. Faktum er at vestlige ledere driver demografisk og juridisk krigføring mot den hvite flertallsbefolkningen i vestlige land for å bryte dem ned til fordel for en autoritær, post-demokratisk verdensorden med dem selv på toppen. EU er allerede langt på vei."[10]

Ideologien til Fjordman er elles prega av ytterleggåande nasjonalisme, av idear om ei naudsynt politisk, sosial og etisk omvelting og av ideen om at det trengst ei slags nasjonal gjenføding, med hans eigne ord "ein ny renessanse, der den europeiske sivilisasjonen kan blomstra på ny". Han har ikkje konkret oppmoda til vald, men har i samband med eit slags "ultimatum" krav om at EU skal leggjast ned, all muslimsk innvandring til Europa stoggast og at politikarar skal stillast for retten for si rolle i den euroarabiske konspirasjonen, og ymta om å ta "dei passande" metodane i bruk for å "sikra vår nasjonale overleving". I Fjordman si bok "Defeating Eurabia" ser han også ut til å vera viljug til å "suspendera" det parlamentariske demokratiet, og han er oppteken av historiske figurar – som han presenterer karikerte heltebilete av – som Charles Martel og Jan III Sobieski av Polen[11]. Han passar i det heile forbløffande godt med den leiande fascismeforskaren Roger Griffin sin definisjon på fascisme: "Fascisme kan best definerast som ei revolusjonær form for nasjonalisme som begynner som ein politisk, sosial og etisk revolusjon, som smeltar 'folket' saman til eit dynamisk nasjonalt samfunn under nye elitar fylte av heroiske verdiar. Den sentrale myten som inspirerer dette prosjektet, er at berre ei folkeleg rørsle for reinsande, nasjonal gjenføding (palingenesis) – på tvers av klassane – kan demma opp for bølgja av dekadanse."[12]

Den tredje bølgja

I norsk samanheng tyder dette at me står overfor ei tredje bølgje av høgreekstremisme post 1970. Den fyrste var nynazismen representert ved blant anna Erik Blücher (no Erik Nilsen) – ei bølgje som framleis eksisterer, men som er lita og svak[13]. Den andre var miljøet rundt Folkebevegelsen mot innvandring (FMI), som vart stifta i 1989. Dette miljøet er i dag også lite, og dominert av pensjonistar. Det er likevel verdt å leggja merke til at båe desse miljøa også resulterte i politisk vald, og i eit omfang som lett kan kallast terrorisme. I 1985 stod Nasjonalt Folkeparti, med røter i Blüchers Norsk Front, bak terrorbomba mot Normoské i Oslo. I 1990 vart Arne Myrdal i FMI dømd til fengselsstraff for planar om å sprengja asylmottaket på Tromøy. Den tredje er altså den "kontrajihadistiske" høgreekstremismen, prega av muslimhat og konspirasjonsteoriar.

Tre problematiske trekk

Om me ser på Interpol si åtvaring i fjor, er det fleire treffsikre ord som vert nytta. Dei siktar til eit "virtuelt" trugsmål – altså eit trugsmål frå nettet. Dei nemner "middelklasse"-bakgrunn og at slike ekstremistar kan gå og går "under radaren" til politiet. I høvet Anders Behring Breivik kan ein hevda at dei berre bomma på eitt punkt: Mykje tyder på at terroristen ikkje tilhøyrde ei gruppe. Difor kjem også forklaringa om at han var "ein einsam ulv" – ei forklaring som slett ikkje er uvanleg i høve høgreekstreme terroristar.

Men som andre einsame ulvar kom også denne frå ein flokk.

Lat oss gå attende til Stevens og Neumann, som peiker på særleg tre trekk ved nettet som reiser problemstillingar knytte til radikalisering og rekruttering til ekstremistorganisasjonar/nettverk. Sjølv om diskusjonen deira knyter seg særskilt til islamistiske grupperingar, er han i høgste grad også relevant i dette høvet.[14]

Den fyrste problemstillinga er at nettet kan verta nytta av ekstremistar for å illustrera og forsterka ideologiske bodskapar og narrativ. Nykomarar til tenkinga kan få nær umiddelbar tilgang på ideologiske tekstar, men også på visuelt kraftfulle bilete og filmar som er laga for å understreka ekstremistane sine politiske påstandar.

Den andre problemstillinga er at nettet gjer det enklare å bli med i eller få kontakt med meir formelle organisasjonar og nettverk, og det på ein måte som inneber langt mindre risiko enn det tidlegare gjorde til dømes å oppsøka fysiske møte. I Breiviks tilfelle har det etter kvart kome fram at han var ein aktiv deltakar på fleire nettstader, men det har også kome fram at han via det sosiale nettverket Facebook hadde kontakt med andre i det muslimhatande miljøet, både i Noreg og i utlandet. Blant anna var han i kontakt med den britiske høgreekstreme gruppa English Defence League, og den norske avleggjaren Norwegian Defence League. Ei kjelde i det same miljøet fortel i Dagbladet at Breivik sin profil på Facebook "var en eneste stor tempelridder-viking-anti-AP-profil" og at Breivik vart sedd opp til.

Seinare har ein god del i miljøet hevda at dei aldri har oppmoda til vald, men dersom ein ser etter, er det ikkje vanskeleg å finna verken valdsromantikk eller valdsfantasiar[15]. TV2 har også kome med oppsiktsvekkjande og rystande avsløringar, som at ein lokal fyrstekandidat for Demokratane hadde eit konkret ynske om å skyta ein av Arbeidarpartiet sine ministrar og ein draum om å angripa regjeringa sitt julebord.[16]

Den tredje problemstillinga er at Internett skaper nye sosiale miljø der synspunkt og oppførsel som elles er sosialt uakseptabelt, vert normalisert. Her kan ekstremistar omgje seg med andre like ekstreme synspunkt, og som eit resultat oppstår det eit virtuelt "ekkokammer" der dei mest ekstreme ideane og forslaga får støtte og oppmuntring. Dette ekkokammer-preget er naturleg nok mest openbert på dedikerte nettstader som Gates of Vienna eller Stormfront, men har også vakse fram andre stader. Norske mediehus har til ei viss grad tillate at ekstreme røyster har fått dominera deira eigne nettdebattar. Eit døme er Hegnar Online, der ein kan finna dei mest vanvittige ting. I juli 2010 vart det til dømes starta ein debatt-tråd om korleis Jens Stoltenberg var ein større landssvikar enn Quisling, og ein av deltakarane i den "debatten" meinte at "Utøyet på Utøya er opplært til å hylle landssvik". Få gav trådstartaren sine ord om Stoltenberg særleg motbør.[17] Anders Behring Breivik publiserte også kommentarar på Hegnar Online.[18]

Så ekstreme har mange av desse debattane vorte, at seriøse debattantar rett og slett har skygga banen.

Islamhat på serbisk

Då storterrorismen kom til Noreg 22. juli 2011, var det gjennom eit terroråtak utført av ein mann som etter alt å dømma vart radikalisert på nettet. FpU-formann Ove Vanebo meiner, etter å ha lese kommentarar Breivik, den gongen medlem i Fremskrittspartiets Ungdom, la inn på ungdomspartiet sitt nettforum, at "noe skjedde i 2003".[19]

Kva tid "noko skjedde", er sjølvsagt vanskeleg å spekulera i, og radikalisering via nettet er gjerne ein gradvis prosess. Kommentarane Breivik la igjen på FpU sitt forum i 2002 og 2003, tyder likevel på at Breivik sin eigen påstand, i det såkalla manifestet, om at NATO-bombing i Serbia var eit slags vendepunkt, rett og slett er usant. I kommentarar skrivne i 2002, tre år etter NATO-intervensjonen i Serbia, synest Breivik snarare å vera meir positivt innstilt til både islam og innvandring enn mange av motdebattantane på FpU-forumet. Difor er det meir logisk å tenkja seg at terroristen sin påstand om Serbia som vendepunkt snarare er eit resultat av at han prøver å tilpassa si eiga historie til eit ideologisk narrativ. I dei "kontrajihadistiske" miljøa er støtte til den serbiske nasjonalismen utbreidd, gjerne kombinert med fornekting av at til dømes Srebrenica-massakren fann stad. Det er i denne samanhengen verdt å understreka at Serge Trifkovic er ei av kjeldene som går att i det såkalla manifestet, særs ofte via essay skrivne av tidlegare nemnde Fjordman.

Trifkovic er ein av ideologane bak det moderne islamhatet, men han er ikkje berre det. Han var også rådgjevar for Biljana Plavsic, "jernkvinna" som var interimpresident for den serbiske utbrytarrepublikken i Bosnia-Hercegovina og seinare visepresident i Republika Srpska, og medlem av overkommandoen for denne utbrytarrepublikken si krigsmakt. Plavsic har seinare sagt seg skuldig i og vorte dømd for krigsbrotsverk av det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.

Erna Solberg trekte nyleg parallellar mellom moderne muslimhat og jødehatet i 1930-åra. Som dømet Trifkovic syner, er det vel så naturleg å peika på likskapen til serbisk antiislamsk propaganda og hat. [20]

Her kan det vera verdt å peika på nokre konkrete døme som har klåre parallellar, jamvel til den norske debatten.[21]

Ta faghistorikaren Vojin Davic, som i 1993 argumenterte for at muslimane på Balkan var "ein fare for Europa, ettersom islam ikkje kan akseptera at religionen er skild frå staten", men står for "ein bisarr symbiose mellom religion og stat, og mellom religion og nasjon". Ta statsvitaren Miroljub Jevtic, som meinte at islam "eksluderer alle andre synspunkt på verda og strevar etter eige monopol på scena" og difor er "så farleg for moderne samfunn" og i eit "motsetnadstilhøve til alle rettvise relasjonar, til toleranse, dialog og sameksistens". Ta Momo Kopor som i 1993 skreiv at kampen mot islam "er eit spørsmål om å bevara sivilisasjon og kultur". Eit anna døme er Zorjan Djindic, seinare serbisk minister, som i 1994 uttalte at kosovoalbanarane utgjorde "eit element i vårt liv som er vanskeleg å integrera, og som ville vera vanskeleg å integrera i ein kva som helst vestleg sivilisasjon". Nada Todorov åtvara mot "islamiseringa og dens dimensjonar". Eller lat oss sjå til informasjonsdepartementet i Beograd, som i januar 1993 publiserte ein pamflett på engelsk for å forklara kvifor den serbiske framferda var rettvis:

"[Muslimane] vil for andre gong skapa eit tyrkisk Bosnia, eller eit Bosnia i Tyrkia [...] med sjarialover og andre livsnormer som er uakseptable på 2000-talet. [...] Til dette blodige gjestebodet inviterte dei alle slags verdslege parasittar, mordarar og krigshundar. Mujahedin og jihad-fanatikarar frå dei islamske landa kom for å oppfylla si "heilage plikt" og utsletta oss. Denne mangelen på skruplar passar perfekt til deira religion og tradisjon."

Er det ikkje nokre av desse argumenta som høyrest merkeleg velkjende ut?

... men aldri naivitet

Så er spørsmålet: Kva gjer me med dette hatet?

Igjen kan det vera nyttig å sjå til den etter kvart omfattande forskinga rundt internettradikalisering i samband med islamismen, forsking også Forsvarets Forskningsinstitutt her i Noreg har bidrege vesentlig til.[22] Det er utvilsamt eit komplisert tema. Det knyter seg til dei moralske, etiske og juridiske skilnadene mellom ord og handlingar, mellom hatprat og vald, mellom valdsromantikk bak dataskjermar og terrorisme sett ut i praksis. Det reiser òg spørsmål om ytringsfridom kontra arbeid for å til dømes stogga nettsider som spreier rein hatpropaganda. Lite er tindrande klårt, men ein ting er det: Akademikarar, politikarar og journalistar – i Noreg og i andre land – må no også sjå på desse spørsmåla i ein annan kontekst, nemleg den høgreekstreme. Det burde ha vore klårt tidlegare, sidan dette langt frå er den fyrste valdsepisoden inspirert av muslimhatet på nett, men 22. juli 2011 har understreka det heile på ein blodig, skræmande og useieleg trist måte.

Statsminister Jens Stoltenberg sa – og har fått mykje og rimeleg ros for det – at vårt svar på terrorismen skal vera "meir demokrati" og "meir openheit". Dette vert no sitert – rett som det er – av både høgreekstreme, høgreradikale og av folk som lener seg i den retninga, og det i protest mot søkelyset som vert retta mot dei etter 22. juli. Men Stoltenberg la også til noko som sjeldnare vert sitert. Han sa: "... men aldri naivitet".

Og her er me ved ein kjerne. Ingen bør vera naive når det gjeld trugsmålet frå islamistisk terror. Det trugsmålet eksisterer og er reelt. Ingen bør for den del vera naive overfor reaksjonære, hatske, kvinneundertrykkande eller homofobe haldningar blant minoritetsgrupper. Men den 22. juli har vist at me heller ikkje kan tillata oss naivitet overfor bloggarar i brune sjatteringar, overfor einsidig propaganda retta mot muslimar og islam eller overfor høgreekstreme konspirasjonsteoriar, eller for den del konspirasjonsteoriar i det heile. Dei kritiske spørsmåla må stillast, ikkje berre overfor ekstremistane, men også til dei som ved å låna idear, argument eller politikk frå konspirasjonsteoretikarane har bidrege til å banalisera, legitimera og normalisera ekstremismen.

Fire verkemiddel

Og så må me diskutera verkemiddel for å møta trugsmålet frå internettradikalisering. Stevens og Neumann nemner fire kategoriar: å gjera klimaet meir ukomfortabelt for ekstremistisk materiale på nett, å styrkja nettsamfunn si sjølvregulering, å redusera appellen til ekstreme nettstader og å fremja positive bodskapar som alternativ.[23]

Det fyrste kan dreia seg om alt frå tiltak som frå eitt ytringsfridomsstandpunkt er heller lite ynskjeleg, som filtrering av nettet, sperring av nettsider og stenging av nettsider, til meir rimelege tiltak som såkalla "black hat-søkemotoroptimalisering", der leverandørar av nettsøk eller for den del andre aktørar syter for at ekstreme nettstader ikkje vert rangerte høgt i søkeresultata. Det andre er ei utfordring til blant anna mediehus og andre som driv nettdebattar: Set grenser for kva som skal sleppa til, andre sin ytringsfridom gjev ikkje verken redaktørar eller andre ei plikt til å vidareformidla desse ytringane. Det tredje er ei utfordring til blant andre skuleverk og foreldre. Gjennom å styrkja ungdom si evne til kritisk tenking og vaksinera dei mot ekstremt tankegods kan ein gjera såjorda til ekstremismen langt skrinnare.

Det siste, der Stevens og Neumann legg mest vekt på kva myndigheitene kan gjera, er vel så mykje ei utfordring til oss alle. Det er me som gjennom grasrotinitiativ og å byggja møteplassar der folk kan treffa kvarandre på tvers av både kulturelle og religiøse skiljeliner, kan driva vekk ekstremismen.

Slik kan me unngå at fleire vert fanga i ekstremistane sitt nett. Det har me nemleg ikkje råd til.

 



Published 2011-10-14


Original in Norwegian Nynorsk
First published in Syn og Segn 3/2011 (Norwegian Nynorsk version)

Contributed by Syn og Segn
© Øyvind Strømmen / Syn og Segn
© Eurozine
 

Eurozine BLOG

On the Eurozine BLOG, editors and Eurozine contributors comment on current affairs and events. What's behind the headlines in the world of European intellectual journals?
CHeFred
A master of the daily grind

http://www.eurozine.com/blog/
On Sunday 30 November, Turkish publisher Osman Deniztekin died, just a few weeks after having been diagnosed with leukemia. He was 65. In memoriam. [more]

Ben Tendler
Cultures of the Anthropocene

http://www.eurozine.com/blog/
Though the Anthropocene has yet to be officially ratified as a new geological epoch, reflections on cultures of the Anthropocene can hardly be considered premature, writes Ben Tendler. A roundup of recent contributions to the public debate that seek to overcome departmental thinking. [more]

Focal points     click for more

Russia in global dialogue

http://www.eurozine.com/comp/focalpoints/eurocrisis.html
In the two decades after the end of the Cold War, intellectual interaction between Russia and Europe has intensified. It has not, however, prompted a common conversation. The focal point "Russia in global dialogue" seeks to fuel debate on democracy, society and the legacy of empire. [more]

Ukraine in focus

http://www.eurozine.com/comp/focalpoints/publicsphere.html
Ten years after the Orange Revolution, Ukraine is in the throes of yet another major struggle. Eurozine provides commentary on events as they unfold and further articles from the archive providing background to the situation in today's Ukraine. [more]

The ends of democracy

http://www.eurozine.com/comp/focalpoints/democracy.html
At a time when the global pull of democracy has never been stronger, the crisis of democracy has become acute. Eurozine has collected articles that make the problems of democracy so tangible that one starts to wonder if it has a future at all, as well as those that return to the very basis of the principle of democracy. [more]

The EU: Broken or just broke?

http://www.eurozine.com/comp/focalpoints/eurocrisis.html
Brought on by the global economic recession, the eurocrisis has been exacerbated by serious faults built into the monetary union. Contributors discuss whether the EU is not only broke, but also broken -- and if so, whether Europe's leaders are up to the task of fixing it. [more]

Time to Talk     click for more

Time to Talk, a network of European Houses of Debate, has partnered up with Eurozine to launch an online platform. Here you can watch video highlights from all TTT events, anytime, anywhere.
Dessislava Gavrilova, Jo Glanville et al.
The role of literature houses in protecting the space for free expression

http://www.eurozine.com/timetotalk/european-literature-houses-meeting-2014/
This summer, Time to Talk partner Free Word, London hosted a debate on the role that literature houses play in preserving freedom of expression both in Europe and globally. Should everyone get a place on the podium? Also those representing the political extremes? [more]

Support Eurozine     click for more

If you appreciate Eurozine's work and would like to support our contribution to the establishment of a European public sphere, see information about making a donation.

Vacancies at Eurozine     click for more

There are currently no positions available.

Editor's choice     click for more

Felix Stalder
Digital solidarity

http://www.eurozine.com/articles/2014-02-26-stalder-en.html
As the culture and institutions of the Gutenberg Galaxy wane, Felix Stalder looks to commons, assemblies, swarms and weak networks as a basis for remaking society in a more inclusive and diverse way. The aim being to expand autonomy and solidarity at the same time. [more]

Literature     click for more

Olga Tokarczuk
A finger pointing at the moon

http://www.eurozine.com/articles/2014-01-16-tokarczuk-en.html
Our language is our literary destiny, writes Olga Tokarczuk. And "minority" languages provide a special kind of sanctuary too, inaccessible to the rest of the world. But, there again, language is at its most powerful when it reaches beyond itself and starts to create an alternative world. [more]

Piotr Kiezun, Jaroslaw Kuisz
Literary perspectives special: Witold Gombrowicz

http://www.eurozine.com/articles/2013-08-16-kuisz-en.html
The recent publication of the private diary of Witold Gombrowicz provides unparalleled insight into the life of one of Poland's great twentieth-century novelists and dramatists. But this is not literature. Instead: here he is, completely naked. [more]

Literary perspectives
The re-transnationalization of literary criticism

http://www.eurozine.com/comp/literaryperspectives.html
Eurozine's series of essays aims to provide an overview of diverse literary landscapes in Europe. Covered so far: Croatia, Sweden, Austria, Estonia, Ukraine, Northern Ireland, Slovenia, the Netherlands and Hungary. [more]

Debate series     click for more

Europe talks to Europe

http://www.eurozine.com/comp/europetalkstoeurope.html
Nationalism in Belgium might be different from nationalism in Ukraine, but if we want to understand the current European crisis and how to overcome it we need to take both into account. The debate series "Europe talks to Europe" is an attempt to turn European intellectual debate into a two-way street. [more]

Conferences     click for more

Eurozine emerged from an informal network dating back to 1983. Since then, European cultural magazines have met annually in European cities to exchange ideas and experiences. Around 100 journals from almost every European country are now regularly involved in these meetings.
Law and Border. House Search in Fortress Europe
The 26th European Meeting of Cultural Journals
Conversano, 3-6 October 2014

http://www.eurozine.com/comp/conversano2014.html
Eurozine's 2014 conference in southern Italy, not far from Lampedusa, addressed both EU refugee and immigration policies and intellectual partnerships across the Mediterranean. Speakers included Italian investigative journalist Fabrizio Gatti and Moroccan feminist and Nobel Peace Prize nominee Rita El Khayat. [more]

Multimedia     click for more

http://www.eurozine.com/comp/multimedia.html
Multimedia section including videos of past Eurozine conferences in Vilnius (2009) and Sibiu (2007). [more]


powered by publick.net